Familien Fiskerstrand

– Det var litt slaps, men ikkje glatt. Eg såg ned på speedometeret. Pila viste fornuftige 70 km/t. Eg såg opp, og brått var alt kvitt. Så smalt det.

Arve (48) og Pernille Fiskerstrand (36) tek oss med tilbake til den dramatiske dagen, då Arve vart utsett for ein front mot front kollisjon, like ved Morkaåstunnelen i Volda. Torsdag 14. november 2019, ein forferdeleg dag fylt av sjokk, smerte, redsel og usikkerheit.